Veronika -  lesinglærer - Bergen
1. kurstime gratis
Veronika -  lesinglærer - Bergen

E-postadressen og telefonnummeret til Veronika er bekreftet.

Veronika

  • Pris 510kr
  • Svartid 1t
Veronika -  lesinglærer - Bergen

510kr/t

1. kurstime gratis

Kontakt

1. kurstime gratis

1. kurstime gratis

  • Lesing
  • Rettskriving
  • Grammatikk
  • Lesekyndighet
  • Norsk (nynorsk)

Lær nynorsk med tryggleik og meistring – personleg tilpassa undervisning for ungdomsskule, vidaregåande og privatistar.

  • Lesing
  • Rettskriving
  • Grammatikk
  • Lesekyndighet
  • Norsk (nynorsk)

Kurssted

Om Veronika

Eg heiter Veronika og har ei genuin interesse for språk, litteratur og formidling.

Gjennom bachelorstudium ved Liverpool Institute for Performing Arts og ein mastergrad ved Queen Mary University of London har eg vidareutvikla denne interessa gjennom arbeidet mitt som skodespelar, manusforfattar og formidlar. I tillegg har eg fleire års erfaring med undervisning innan teater og språk.

Eg er oppteken av at undervisninga skal vere både kjekk og lærerik. Eg brenn for å gjere norskfaget forståeleg, interessant og overkomeleg. For meg handlar god undervisning ikkje berre om å formidle fagstoff, men òg om å gi elevane verktøya og sjølvtilliten dei treng for å lukkast på eiga hand.

Se mer

Om undervisning

  • Alle nivåer
  • Engelsk
  • Norsk

Undervisningsspråk :

Engelsk

Norsk

Ønskjer du å meistre norskfaget, forbetre karakterane dine eller bli tryggare til eksamen? Eg tilbyr personleg tilpassa undervisning i norsk nynorsk for elevar på ungdomsskulen og vidaregåande, samt privatistar og andre som ønskjer å styrkje ferdigheitene sine i norsk.

Mange elevar opplever at nynorsk kan vere vanskeleg, særleg når det kjem til bøying, ordval, setningsbygging og skilnadene mellom bokmål og nynorsk. Med god rettleiing og systematisk øving er det likevel mogleg å utvikle både språkforståinga og skriveferdigheitene.

I undervisninga legg eg vekt på struktur, forståing og meistring. Vi tek utgangspunkt i nivået ditt og måla dine, og arbeider systematisk med det du treng å utvikle.

Eg kan mellom anna hjelpe deg med:
Rettskriving, grammatikk og setningsoppbygging.
Språklege verkemiddel, retorikk og tekstanalyse.
Litteraturhistorie og norskfaglege emne.
Kortsvar, langsvar, essay og andre skriveoppgåver.
Munnlege ferdigheiter og eksamensførebuing.
Struktur, argumentasjon og akademisk skriving.

Vi startar med ein gratis prøvetime der vi kartlegg nivået ditt, går gjennom måla dine og lagar ein plan for den vidare undervisninga. Du får tett og individuell oppfølging.

Se mer

Priser

Pris

  • 510kr

Pakkepriser

  • 5t: 2550kr
  • 10t: 5100kr

kurstime gratis

Første time gratis lar deg bli kjent med læreren din, slik at læreren kan dekke dine behov på best mulig måte.

  • 45min

På nett

  • 510kr/time

Liknende Lesinglærere