Even -  matematikklærer - Trondheim
1. kurstime gratis
Even -  matematikklærer - Trondheim

Even sine attester og kontaktinformasjon er verifisert av teamet vårt

Even

  • Pris 400kr
  • Svartid 1t
Even -  matematikklærer - Trondheim
  • 5 (6 evalueringer)

400kr/t

1. kurstime gratis

Kontakt

1. kurstime gratis

1. kurstime gratis

  • Matematikk

NTNU Elektronikkstudent med mykje undervisningerfaring undervisar matematikk. Med fokus på forståing framfor å pugge formlar vil me sørge for mattekonsepter som sitter mykje lengre enn til prøven

  • Matematikk

Kurssted

Anbefalt

Even en lærer som er verdsatt av fellesskapet sitt. Vedkommende ble anbefalt for påliteligheten, undervisningsmetodene og kvaliteten på kursene. Et godt valg for å komme videre med selvtillit.

Om Even

Eg er lidenskapeleg oppteken av å hjelpe elevar med å verkeleg forstå matematikk – både kvar matematikken kjem frå, og kva han kan brukast til i praksis. Eg meiner at det er denne forståinga som skaper meistringskjensle og motivasjon. Eg er overtydd om at ingen er «fødd dårlege» i matematikk. Matematikk er eit fag der alle kan utvikle seg og oppleve meistring med rett rettleiing, gode verktøy og ei undervisning som tek utgangspunkt i den enkelte eleven.

Det var då eg fekk tilbod om å arbeide som vikarlærar på ungdomsskulen eg sjølv hadde gått på, at eg verkeleg oppdaga lidenskapen min for undervisning. Det gav meg mykje å få formidle kunnskap til elevar med ulike føresetnader og behov, og å tilpasse undervisninga slik at kvar enkelt fekk best mogleg utbytte av ho.

Denne lidenskapen har eg teke med meg vidare som studieassistent i grunnleggjande elektronikk ved NTNU, der eg har undervist gjennom fire semester. Etter fleire av semestera har eg fått personlege tilbakemeldingar frå studentar som har takka meg for at dei har fått ei så god forståing av faget. Slike tilbakemeldingar betyr mykje for meg og stadfestar kor givande eg synest det er å hjelpe andre med å forstå noko dei tidlegare har streva med.

Eg har òg arbeidd som nettundervisar for Mattehelten, noko som har gitt meg verdifull erfaring med digital undervisning i matematikk og med å formidle fagstoff på ein forståeleg og engasjerande måte.

Utanom matematikk og undervisning er eg ein eventyrlysten person med mange interesser. Eg trivst med utfordringar og likar å utforske nye ting, anten det handlar om klatring, segling, programmering, elektronikk eller sjonglering. Eg trur denne nysgjerrigheita og interessa for å lære nye ferdigheiter òg er noko eg tek med meg inn i rolla som undervisar.

Se mer

Om undervisning

  • Alle nivåer
  • Engelsk
  • Norsk

Språk undervisningen er tilgjengelig på :

Engelsk

Norsk

Eg tilbyr undervisning i
--------------------------------
- ungdomsskule matematikk
- 1T-matematikk
- S1- og S2-matematikk
- R1- og R2-matematikk
--------------------------------
Slik fungerer undervisninga

Hei! Så kjekt at du ønskjer å bli betre i matematikk! Her får du ei lita oversikt over kva du kan forvente dersom du vel å ha undervisning med meg.

1. Rask respons

Når du tek kontakt med meg, kan du rekne med å få svar innan 24 timar. Eg ønskjer at vi skal kome i gang med læringa så raskt som mogleg!


2. Undervisning som passar deg

Saman finn me eit tidspunkt som passar for oss begge. Det er viktig for meg at du kjenner deg komfortabel, og vi tilpassar derfor timeplanen etter behova dine og kva som passar best for deg.


3. Digital undervisning med personleg oppfølging

Vi brukar Google Meet til dei digitale undervisningstimane. Ved hjelp av PC, teiknebrett og mobil legg eg til rette for ei interaktiv undervisningsøkt som kjem så nær ei fysisk privattime som mogleg.


4. God førebuing til kvar time

Før kvar time spør eg deg om kva for oppgåver eller emne du synest er vanskelege. Då kan eg førebu meg godt på førehand, slik at vi brukar tida på det du treng mest hjelp med.


5. Du lærer mest ved å delta aktivt

Undervisninga er interaktiv, og eg legg vekt på at du sjølv skal få tenkje, forklare og arbeide med oppgåvene. Eg ønskjer å forstå korleis du tenkjer, og kva du synest er utfordrande. Når du sjølv får setje ord på matematikken og forklare korleis du kjem fram til eit svar, byggjer du ei djupare forståing som du kan ta med deg vidare.

Målet mitt er ikkje berre at du skal klare oppgåvene, men at du skal forstå kvifor løysingane fungerer – og kjenne meistring og sjølvtillit i matematikk.

Se mer

Priser

Pris

  • 400kr

Pakkepriser

  • 5t: 2000kr
  • 10t: 4000kr

reise

  • + 200kr

kurstime gratis

Første time gratis lar deg bli kjent med læreren din, slik at læreren kan dekke dine behov på best mulig måte.

  • 1t

På nett

  • 400kr/time

Liknende Matematikklærere